onsdag 3. februar 2010

På misjons- og opplevingsferd!

No er det berre ein dag igjen til flyet vårt lettar ifrå Flesland og forhåpentlegvis set snuten i retning London-Gatwick!
Vi kjem til å tilby live-oppdateringar frå turen vår - Direkte ifrå London!
Her skal vi få oppleve både det eine og det andre, mellom anna eit par musikalar, sjå litt av London-livet, og ikkje minst skal vi på dagstur til Manchester på laurdag for å sjå fotballkamp!
Overnattingsfasilitetane vi har ordna oss med må seiiast å vere upåklagelege, Martine har nemleg booka oss inn på Sjømannskyrkja!



Her er eit mellombels program for turen, meir vil verte lagt til etterkvart!

Torsdag:
Avreise Bergen
Ankomst London
Innsjekk Sjømannskyrkja
Musikalen "We will rock you"

Fredag:
Musikalen "Les Miserables"

Laurdag:
Fotballkamp:
Manchester United - Portsmouth

Søndag:
Gudsteneste i Sjømannskyrkja

Mandag:
Heimreise

Så heng med og få med deg spennande innlegg, liveoppdateringar, konkurransar og mykje anna kjekt ifrå londondirekte.blogspot.com!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar