onsdag 10. februar 2010

Bonus materiale!





Her er det etterlengta bonusmatrialet! Vi har mellom anna ein eksklusiv film frå United kampen! Enjoy! Desverre vil ikkje den filmen lastast opp no, men kanskje den er meir samarbeidsvilli seinare i dag =)

mandag 8. februar 2010

Vel heime...

Om nåken var bekymra for om turen heim gjekk skeis... Fortvil ikkje! Vi er begge vel heime, og folket har, som de ser fått sin del av TaxFree shoppinga!



Takk for alle som har fulgt oss! Bonusmateriale ifrå turen vil kome iløpet av morgondagen!

søndag 7. februar 2010

Premie!

På quiz nr. 4 får alle saman godkjent rett svar, utanom Vegard som kopierte svara til dei andre.
Den heldige uttrekte vinnaren av ein Sjømannskyrkja forundringspakke er.....
Øyvind EC!




Vi, i samarbeid med Sjømannskyrkja, gratulerer!

Sorry, we're closed...

Eigentleg skulle vi på kino for å sjå Sherlock Holmes, og den lokale guiden (Martine) meinte at det var så mykje reklame i starten av filmen at det ikkje gjorde noko at vi kom 25 min etter at den skulle byrje...



Der bomma vi litt. For kinoen var nemleg stengt når vi kom fram, så no vert det istaden heimekino på Sjømannskyrkja!

Quiz nr. 4

Dagens quiz handlar om Sjømannskyrkja, og premien er også levert av Sjømannskyrkja i London!
Spørsmålet er som følgjer:
Når vart den noverande Sjømannskyrkja i London bygd?
Du har høve til å svare fram til kl 2400 norsk tid!
Lukke til!




Sunday morning...




No har vi nettopp våre med på gudsteneste i Sjømannskirka! Etterpå fylgde sjølvsagt kyrkjekaffi med kaffi og vafler!

lørdag 6. februar 2010

Premie


Premie i dagens quiz er rett og slett ei Manchester United drakt!
Kjøpt på United Megastore i Manchester!
Denne flotte kvite drakta er i str. L og vi håpar at vinnaren, Karl Artur kjem til å passe fint i akkurat denne trøya!
Som de ser har også vi kjøpt oss heilt nye og flotte drakter!

No er det snart duka for indisk takeaway på Sjømannskyrkja, med påfylgjande film og is!

5-0!




Old Trafford levde opp til forventningane! FOR ei stemning! Ikkje verst at kampen enda 5-0 i United sin favør! Rooney, Nani, Carrick, Berbatov og eit sjølvmål frå Portsmouth var fasiten etter 90 minutt. "Norske" Mame Biram Diouf kom innpå siste halvtimen, og var veldig nær ved to anledningar, men det vart desverre ikkje mål.

Sidan ingen hadde rett på quizen vert vinnaren den som tippa nærmast....
Vi gratulerer Karl Artur som tippa 6-0! Det kunne fort blitt både 6,7 og 8 mot slutten... Premien vert annonsert seinare ikveld!

Klar for kamp!




No er det ikkje lenge til avspark!

Quiz nr. 3

Idag appellerar quizen til dei fotballinterresserte, men her kan alle sjølvsagt vere med å tippe!
Dagens spørsmål er rett og slett: Kva vert resultatet i dagens kamp mellom Manchester United og Portsmouth?
Tippar du rett resultat kan du vinne ein fantastisk flott premie!






Kampen tek til 1500 GMT, så du må levere svaret før det!

Manchester neste...




Som de ser sit vi no på toget! Om få minutt rullar det ut frå London med retning Manchester!

fredag 5. februar 2010

Vinnaren av quiz nr. 2 er.....

HÅKON som tippa 16! Det rette svaret var 18! Vi gratulerer! Han har stukke av med premien som er.....

Simpsons the movie!



Men fatt mot folkens! Imorgon er det nye sjansar til å vinne flotte premiar! Så følg med :)

Anmelding: Les Miserables





"Kjekke musikal, stort pluss for at dei selde is i pausa. Terningkast 4"
- Øyvind

"Fantastisk, rørande, flott historie, betre enn på CD! Terningkast 7"
- Kamilla

No sitte vi på Aberdeen Steak House og ventar på kjøt!

Les Miserables




No står vi og heng i baren på The Queens Theatre og skal snart til å finne plassane våre i salen! Endå ein musikal skal bivånast!

Money, money, money





Kamilla handlar kremar og anna på Bodyshop!

Jesus i Covent Garden

David&Goliath kunne tilby denne flotte t-skjorte!



He was behind the couch...

Quiz nr. 2!


Hmmm.. Tenkjer Kamilla. Ho lurer på kor mange cd'ar og dvd'ar vi har kjøpt på HMV (gigantisk stor musikk og filmsjappe red.anm.) Ver med og tipp det rette antalet og vinn ei premie frå nettopp HMV! Vi annonserar vinnaren ikveld! Om fleire har rett antal vert det loddtrekning ;)
Turen går snart frå Starbucks i retning Covent Garden!

Starbucks!




Etter ei lita runde med handel, sit vi no på starbucks og nyt kvar vår kaffi, Kamilla med ein mocca og muffins attåt, Øyvind med ein cappucino med chokolate cupcake!



Sjømannskyrkja

Her er heimen vår, Sjømannskyrkja!




No skal vi ut på handel! VI held DEG oppdatert!

torsdag 4. februar 2010

Update

Idag har vi som de ser opplevd litt av kvart...







Vi har handla mat på Tesco, og Kamilla fann norsk ost, som ho måtte kjøpe. Det er rart med det når ein har vore vekke ifrå gamlelandet i knappe 6 timar...






Vi er ikkje i Belgia, men på Waterloo station!







Vår eminente vert Martine står på på kjøket i Sjømannskyrkja! På spørsmål om vaffelsteiking seier ho:
"Ja... d e mykje..."





Ikveld gjekk vi langs Themsen på veg heim, og der såg vi denne flotte brua! ;)

Teppet går straks opp!




No sit underteikna, Kamilla og Martine på Dominion Theatre og ventar på at teppet skal gå opp for We Will Rock You!
Grunna opphavsretten kan vi ikkje dekke forestillinga live, men om du vil kome i stemning, så berre sett på Queen på Spotify i tre gode timar framover!
Vi gler oss!

Quiz nr. 1

No kjem den fyrste konkurransa!
Spørsmålet er som følgjer:
I kva bydel er vi no?



Fyrstemann med rett svar vinn ein flott premie!

Framme i London!







Her har vi bevisa på at vi er framkomne! Ekte londontaxi!

Meir stoff kjem etterkvart!

onsdag 3. februar 2010

Flesland...





So far so good, skal til å levere 2 kolli i Norwegianskranken...

På veg

No sit vi i bilen på veg til Flesland! 1 time og 20 min til takeoff





Følg med...

Reiseklar... Snart...





No har eg nettopp printa ut reisedokumenta, og kvitteringa på musikalbillettane samt togbilletten frå London til Manchester... Det einaste som manglar er kampbillettane, som eigentleg skulle kome med posten, men det får vi prøve å ordne når vi kjem over there!

No må bagen pakkast! Bokserane mine er i skrivande stund i turketrommelen. Får håpe eg hugsar dei imorgon. Om ikkje vert turen ei kald affære for rompa.

På misjons- og opplevingsferd!

No er det berre ein dag igjen til flyet vårt lettar ifrå Flesland og forhåpentlegvis set snuten i retning London-Gatwick!
Vi kjem til å tilby live-oppdateringar frå turen vår - Direkte ifrå London!
Her skal vi få oppleve både det eine og det andre, mellom anna eit par musikalar, sjå litt av London-livet, og ikkje minst skal vi på dagstur til Manchester på laurdag for å sjå fotballkamp!
Overnattingsfasilitetane vi har ordna oss med må seiiast å vere upåklagelege, Martine har nemleg booka oss inn på Sjømannskyrkja!



Her er eit mellombels program for turen, meir vil verte lagt til etterkvart!

Torsdag:
Avreise Bergen
Ankomst London
Innsjekk Sjømannskyrkja
Musikalen "We will rock you"

Fredag:
Musikalen "Les Miserables"

Laurdag:
Fotballkamp:
Manchester United - Portsmouth

Søndag:
Gudsteneste i Sjømannskyrkja

Mandag:
Heimreise

Så heng med og få med deg spennande innlegg, liveoppdateringar, konkurransar og mykje anna kjekt ifrå londondirekte.blogspot.com!