onsdag 10. februar 2010
Bonus materiale!
Her er det etterlengta bonusmatrialet! Vi har mellom anna ein eksklusiv film frå United kampen! Enjoy! Desverre vil ikkje den filmen lastast opp no, men kanskje den er meir samarbeidsvilli seinare i dag =)
mandag 8. februar 2010
Vel heime...
søndag 7. februar 2010
Premie!
Sorry, we're closed...
Eigentleg skulle vi på kino for å sjå Sherlock Holmes, og den lokale guiden (Martine) meinte at det var så mykje reklame i starten av filmen at det ikkje gjorde noko at vi kom 25 min etter at den skulle byrje...
Der bomma vi litt. For kinoen var nemleg stengt når vi kom fram, så no vert det istaden heimekino på Sjømannskyrkja!
Der bomma vi litt. For kinoen var nemleg stengt når vi kom fram, så no vert det istaden heimekino på Sjømannskyrkja!
Quiz nr. 4
Sunday morning...
lørdag 6. februar 2010
Premie
Premie i dagens quiz er rett og slett ei Manchester United drakt!
Kjøpt på United Megastore i Manchester!
Denne flotte kvite drakta er i str. L og vi håpar at vinnaren, Karl Artur kjem til å passe fint i akkurat denne trøya!
Som de ser har også vi kjøpt oss heilt nye og flotte drakter!
No er det snart duka for indisk takeaway på Sjømannskyrkja, med påfylgjande film og is!
5-0!
Old Trafford levde opp til forventningane! FOR ei stemning! Ikkje verst at kampen enda 5-0 i United sin favør! Rooney, Nani, Carrick, Berbatov og eit sjølvmål frå Portsmouth var fasiten etter 90 minutt. "Norske" Mame Biram Diouf kom innpå siste halvtimen, og var veldig nær ved to anledningar, men det vart desverre ikkje mål.
Sidan ingen hadde rett på quizen vert vinnaren den som tippa nærmast....
Vi gratulerer Karl Artur som tippa 6-0! Det kunne fort blitt både 6,7 og 8 mot slutten... Premien vert annonsert seinare ikveld!
Quiz nr. 3
Idag appellerar quizen til dei fotballinterresserte, men her kan alle sjølvsagt vere med å tippe!
Dagens spørsmål er rett og slett: Kva vert resultatet i dagens kamp mellom Manchester United og Portsmouth?
Tippar du rett resultat kan du vinne ein fantastisk flott premie!
Kampen tek til 1500 GMT, så du må levere svaret før det!
Dagens spørsmål er rett og slett: Kva vert resultatet i dagens kamp mellom Manchester United og Portsmouth?
Tippar du rett resultat kan du vinne ein fantastisk flott premie!
Kampen tek til 1500 GMT, så du må levere svaret før det!
fredag 5. februar 2010
Vinnaren av quiz nr. 2 er.....
Anmelding: Les Miserables
Les Miserables
Quiz nr. 2!
Hmmm.. Tenkjer Kamilla. Ho lurer på kor mange cd'ar og dvd'ar vi har kjøpt på HMV (gigantisk stor musikk og filmsjappe red.anm.) Ver med og tipp det rette antalet og vinn ei premie frå nettopp HMV! Vi annonserar vinnaren ikveld! Om fleire har rett antal vert det loddtrekning ;)
Turen går snart frå Starbucks i retning Covent Garden!
Starbucks!
torsdag 4. februar 2010
Update
Idag har vi som de ser opplevd litt av kvart...
Vi har handla mat på Tesco, og Kamilla fann norsk ost, som ho måtte kjøpe. Det er rart med det når ein har vore vekke ifrå gamlelandet i knappe 6 timar...
Vi er ikkje i Belgia, men på Waterloo station!
Vår eminente vert Martine står på på kjøket i Sjømannskyrkja! På spørsmål om vaffelsteiking seier ho:
"Ja... d e mykje..."
Ikveld gjekk vi langs Themsen på veg heim, og der såg vi denne flotte brua! ;)
Vi har handla mat på Tesco, og Kamilla fann norsk ost, som ho måtte kjøpe. Det er rart med det når ein har vore vekke ifrå gamlelandet i knappe 6 timar...
Vi er ikkje i Belgia, men på Waterloo station!
Vår eminente vert Martine står på på kjøket i Sjømannskyrkja! På spørsmål om vaffelsteiking seier ho:
"Ja... d e mykje..."
Ikveld gjekk vi langs Themsen på veg heim, og der såg vi denne flotte brua! ;)
Teppet går straks opp!
Quiz nr. 1
onsdag 3. februar 2010
Reiseklar... Snart...
No har eg nettopp printa ut reisedokumenta, og kvitteringa på musikalbillettane samt togbilletten frå London til Manchester... Det einaste som manglar er kampbillettane, som eigentleg skulle kome med posten, men det får vi prøve å ordne når vi kjem over there!
No må bagen pakkast! Bokserane mine er i skrivande stund i turketrommelen. Får håpe eg hugsar dei imorgon. Om ikkje vert turen ei kald affære for rompa.
På misjons- og opplevingsferd!
No er det berre ein dag igjen til flyet vårt lettar ifrå Flesland og forhåpentlegvis set snuten i retning London-Gatwick!
Vi kjem til å tilby live-oppdateringar frå turen vår - Direkte ifrå London!
Her skal vi få oppleve både det eine og det andre, mellom anna eit par musikalar, sjå litt av London-livet, og ikkje minst skal vi på dagstur til Manchester på laurdag for å sjå fotballkamp!
Overnattingsfasilitetane vi har ordna oss med må seiiast å vere upåklagelege, Martine har nemleg booka oss inn på Sjømannskyrkja!
Her er eit mellombels program for turen, meir vil verte lagt til etterkvart!
Torsdag:
Avreise Bergen
Ankomst London
Innsjekk Sjømannskyrkja
Musikalen "We will rock you"
Fredag:
Musikalen "Les Miserables"
Laurdag:
Fotballkamp:
Manchester United - Portsmouth
Søndag:
Gudsteneste i Sjømannskyrkja
Mandag:
Heimreise
Så heng med og få med deg spennande innlegg, liveoppdateringar, konkurransar og mykje anna kjekt ifrå londondirekte.blogspot.com!
Abonner på:
Innlegg (Atom)